Medlemskap
Med eit medlemskap i Førde Badmintonklubb kan du trene kor ofte du sjølv ynskjer og på dei dagane som passar deg. Medlemskontingenten gjeld for éin sesong - haust og vår.
Som medlem får du moglegheit til å delta i turneringar. Du får også medlemsrabatt på badmintonutstyr via vår samarbeidspartner SportModern.
Kva dekkjer kontingenten?
Medlemskontingenten går bl.a. med til å dekkje halleige, avgifter til krets og forbund, samt andre administrative kostnader. Medlemskontingenten inkluderer også skadeforsikring frå Norges Badmintonforbund.
Er du ny i klubben?
Då kan du først benytte deg av vårt prøvemedlemskap heilt gratis.
Medlemsregistrering 2024/2025
Her kan både nye og gamle medlemmar legge inn oppdatert informasjon om seg sjølv og sende inn til styret. Det er kun styret i klubben som får tilgang til desse opplysningane. Fødselsdato er naudsynt pga. krav ved innrapportering til NIF.
Føresette eller verge kan bruke sitt mobilnummer og epost, men namn og fødselsdato gjeld medlemmet. Spesifiser gjerne i kommentarfeltet.
Du må også registrere din Idretts-ID hos NIF dersom du ikkje har det frå før. Då kan vi sende deg invitasjon for å bli medlem i vår klubb. Du kan registrere Idretts-ID på https://signup.nif.no.